Netvibes på nynorsk

Interessant workshop for norsklærarane på St. Olav med Marita Aksnes i dag. Ho viste oss ulike digitale verktøy og presenterte oss for Netvibes. Netvibes er nett det eg har sakna for å organisera informasjonsmengda som straumer på veven. No kan eg lett sjå kva som er nytt på sidene eg abonnerer på. Toppen på lykke var at sida fungerte best på nynorsk. Slik fekk eg også Facebook på rett målform og tilgang til eit interessant debattforum om omsetjing av Facebook til nynorsk.

Det er fint med slike workshopar. Det er ikkje det at vi skal bruka alt eller kunna alt, men det å vita om moglegheiten. Eg synest vi har tatt eit lite steg i digital retning i dag og gler meg til å sjå noko av dette praktisert i klasserommet.

Dersom du vil sjå litt av det Marita presenterte i dag, kan du sjå i ikt-wikien hennar.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s